Back to All Events

Kunstbanken Hedmark Kunstsenter


Heidi Bjørgan og Trine Hovden «Collicion III»

Trine Hovden og jeg avslutter vårt 3 årig samarbeidsprosjekt med utstillingen «Collicion III» på Kunstbanken i Hamar.

 

«Kva kan skje når to keramikarar med ulike uttrykksformer og arbeidsmetodar begynner å blanda seg i kvarandre sine  arbeidsprosessar? Samarbeidsprosjektet til dei to kunstnarane Heidi Bjørgan og Trine Hovden er eit svar på dette spørsmålet. Til vanleg deler dei verkstad i Bergen. Dei er omtrent jamgamle, og begge er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, med hovudfag i keramikk. Begge høyrer også til dei fremste keramikarane i sin generasjon i Noreg, og begge har for tida tiårig arbeidsstipend. Men der stoppar også likskapane. I temperament og kunstnarleg praksis er dei svært ulike.

            I utstillinga viser dei både individuelle verk og tablå der dei har blanda arbeid frå begge. I tillegg er det fleire verk der Hovden har tatt for seg Bjørgans velkjente krukkeformer og omarbeidd dei i tråd med sine eigne metodar, medan Bjørgan har forsynt seg av restar frå Hovdens produksjon og utnytta glasurkunnskapane sine til å «forureina» både sine eigne verk og Hovdens.» (Jorunn Veiteberg)

Heidi Bjørgan og Trine Hovden

Earlier Event: July 8
GJENKLANG
Later Event: September 7
Taste Contemporary - Yellow