Back to All Events

Sogn og Fjordane Kunstmuseum - Heidi Bjørgan og Trine Hovden - Collision


Heidi Bjørgan og Trine Hovden: «Collision»

 

Kva kan skje når to keramikarar med ulike uttrykksformer og arbeidsmetodar begynner å blanda seg i kvarandre sine  arbeidsprosessar? Samarbeidsprosjektet til dei to kunstnarane Heidi Bjørgan og Trine Hovden er eit svar på dette spørsmålet. Til vanleg deler dei verkstad i Bergen. Dei er omtrent jamgamle, og begge er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, med hovudfag i keramikk. Begge høyrer også til dei fremste keramikarane i sin generasjon i Noreg, og begge har for tida tiårig arbeidsstipend. Men der stoppar også likskapane. I temperament og kunstnarleg praksis er dei svært ulike.

            I utstillinga viser dei både individuelle verk og tablå der dei har blanda arbeid frå begge. I tillegg er det fleire verk der Hovden har tatt for seg Bjørgans velkjente krukkeformer og omarbeidd dei i tråd med sine eigne metodar, medan Bjørgan har forsynt seg av restar frå Hovdens produksjon og utnytta glasurkunnskapane sine til å «forureina» både sine eigne verk og Hovdens. Men før eg seier meir om dette samarbeidet, kan det vera nyttig å sjå nærare på kva som er karakteristisk for dei kvar for seg.

 

Trine Hovden (f. 1976) vekte for ti-femten år sidan oppsikt med ein serie arbeid der familiefotografi var overført til keramiske flater ved hjelp av silketrykkteknikk. Tallerkenar med kongelege portrett har sikkert dei fleste sett, men det nye med Hovdens arbeid var at fotografia var ikkje trykt på kvitt porselen, men på brunt og porøst leirgods. Medan porselen blir rekna som eksklusivt og «fint», er leirgods folkeleg. Det er pottemakaren sitt materiale. Fotografia på Hovdens arbeid var heller ikkje skarpe, men ofte oppløyste som om dei var i ferd med å forsvinna. Slik minna ho oss om at med tidas gang blir erindringane også om kjente og kjære gradvis svakare.

            Eg legg vekt på desse tidlege arbeida her, for sjølv om ho no arbeider med andre former og motiv, så er det fleire spor etter det ho kallar leirbilda også i dei nyaste arbeida. Ho brukar framleis dei same fotografia, men no finn vi dei berre som abstrakte fragment. For nokre år sidan begynte ho nemleg å skjæra opp leirebildeflatene. Dei blei til strimlar som liknar dei vi får når vi har sendt papir gjennom ei makuleringsmaskin. For to år sidan begynte ho å byggja skulpturar og objekt basert på slike strimlar. I den nyaste serien med tittelen «Vekst», er forma eit klassisk keramisk motiv: sylinderen eller behaldaren.

            Leirebildestrimlane i «Vekst» er stabla i ringar oppå kvarandre til forma seig saman av si eiga tyngde. Ein vanleg måte å byggja former på i keramikk er ved å rulla pølser av leire og leggja dei oppå kvarandre. Å byggja med brente strimlar slik Hovden gjer, bryt med alle handverkstradisjonane. Det er nettopp poenget, og målet er å kunna frysa behaldaren i det han er på kanten av kollaps. Då må forma ein tur til i keramikkomnen før kunstnaren kan byggja vidare. Variasjonane i fargenyansar kjem av at ho brukar ulike leirer og difor blir fargen på godset også forskjellig. Inni er desse tilsynelatande vaklevorne og skrøpelege sylindrane dekka av bildemotiv. Det som i leirbildeflatene var framsida, er her blitt innsida, medan baksida er blitt utsida. Ei omvendt verd er skapt; ei utan faste og stabile kategoriar for rett og galt, fint og stygt.

            På verkstaden samlar Hovden overskotsmateriale og delar frå tidlegare skulpturar i avfallsbøtter. Der hamnar også restane etter Bjørgans aktivitetar i glasurrommet. Desse restane blir råstoff for nye arbeid. I fat og tavler er det mange slike spor. Restbitane er pressa blitt pressa ned i leira slik at det oppstår ulike mønster. Som strimlar i ei fillerye eller innslag i ein vev. Mange av dei har vore dekorerte med det klassiske blå ”willow”-mønsteret. I Europa har dette vore eit av det mest brukte motiva på servise i over 200 år. For å få ein kvit bakgrunn for denne dekoren har Hovden lagt eit lag av porselensleire oppå leirgodset. «Leftovers» er fellestittelen for desse fata og tavlene. I daglegtale er det ingen status knytt til «å vera til overs», men her har dei blitt utnytta som ein kunstnarleg resurs. Samstundes knyter gjenbruken band bakover til Hovdens eiga historie både personleg og kunstnarleg, samstundes som dei knyter band til kunstnarkollegaen hennar.

 

Heidi Bjørgan (f. 1970) har alltid vore dratt mot kasserte ting. For mange år sidan fann ho ein lampeskjerm i plast i ein container som ho tok ei avstøyping av og gav eit nytt liv som vaseform i porselen. Dei var gjerne knallgule, raude eller rosa og hadde eit belte av bark, sykkelslange eller gummistrikk og nokre hadde følgje med funne porselensfigurar. I fleire år var desse vaseobjekta for hennar signaturverk å rekna. I denne utstillinga har ho tatt opp igjen denne forma. Både i den opphavlege storleiken og i ei forstørra utgåve. Vasen eller krukka er ei av urformene i keramikkhistoria, og Bjørgan føyer seg med denne gjenstandstypen inn i ein lang tradisjon. Men ho har ikkje skapt krukkeforma si på konvensjonelt vis gjennom å dreia eller byggja. Ho har funne forma, valt ho og flytta ho frå ein kvardagssfære til eit liv som kunst. Avstøyping som metode var før Bjørgan og hennar generasjon kom på banen, lite akseptert innanfor kunstkeramikken. Det blei sett på som ein metode som høyrde heime i industrien og som eigna seg for masseproduksjon. Slike motsetningar er i dag brotne ned, og Bjørgan har medverka til det. Men her skal det leggjast til at Bjørgan si handsaming av overflatene ber i høgste grad preg av kunstnaren sine aktive handlingar. Her er lag på lag med glasurar påført med heftige strøk. Leira er blitt hennar lerret, og å arbeida med glasurar og fargar har blitt stadig viktigare for henne.

            Konsollar er eit anna motiv Bjørgan har arbeidd med i ein del år. Også denne forma er funnen. Dei byggjer på konsollar som gipsmakaren ved Nidarosdomen i Trondheim har laga, men Bjørgan har omarbeidd og glasert også desse. I den siste serien er alle i jordfargar, og ein del har attkjennelege striper frå Hovdens produksjon. På konsollane plasserer Bjørgan som oftast nokre mindre og svært heftige objekt. Desse er ikkje støypte, men er dreia skåler som er blitt utsett for ei hardhendt handsaming gjennom slag og kast. Resultatet er sterkt deformerte former. Desse arbeida er inspirerte av den eksentriske, amerikanske keramikaren George E. Ohr som levde frå 1857 til 1918. Ohr sine vasar ser ofte ut som om dei har smelta i omnen; dei har kantar som buktar og krøllar seg; og dei metalliske og lysande glasurane sjokkerte samtida.

            Til liks med Ohr utfordrar Bjørgan førestillingane om kva godt kunsthandverk er, ved å “sletta” spora etter kva ho har lært som utdanna keramikar. Ho har (som Hovden) funne opp nye teknikkar som har ført til originale visuelle effektar. Den viktigaste metoden har vore å gjera alt det som i teorien ikkje skal kunne lata seg gjera, som å blanda glasurar og leiretypar som det blir hevda ikkje kan blandast. I tillegg har ho utsatt objekta for ei handsaming som krev at vi opnar oss for venleiken og verdien i det deformerte og i det som for somme kan oppfattast som «feil». Eit knust fragment frå eit verk, inngår som ny del i eit anna verk. Pels og glas blir blanda med keramikk. Nokre av dei saftig og sanselege formene spelar på kjønnslege assosiasjonar i slekt med den vaginale ikonologien som den amerikanske kritikaren Barbara Rose har identifisert i kvinners kunst.

 

Samarbeidet

Både Bjørgan og Hovden arbeider på måtar som gjer at sjansane for at noko kan gå gale er store, ikkje minst i brenningsprosessen. Men for dei betyr «feil» og «uhell» nye mogelegheiter. Ingenting blir kasta, for vrakgods kan omarbeidast og inngå som element i nye verk. I arbeida til begge kunstnarane finst det ei spenning mellom det destruktive og det byggjande. Kaos og kontroll. Stygt og vakkert. Kunst er ein risikosport. Å søkja å nå bortanfor konvensjonar og reglar, det trygge og kjente, er viktig i skapande arbeid. Det ligg ein verdi i dette som kan overførast til andre område i livet: Korleis kan feil bli fint? Korleis skapa rom for det uperfekte? Dette er spørsmål denne kunsten inviterer oss til å reflektera over.

            Tittelen «Collision» – kollisjon ­– peikar på den kunstnarlege utvekslinga som har funne stad. Idear har berørt kvarandre og arbeid har bytta hender. Nokre samanstøytar har resultert i fullstendig smadra element, andre har ført til nye rekonstruksjonar og refigurasjonar. I ein kollisjon blir rørsleenergi overført mellom kollisjonsobjekta, og det er eit godt bilde på kva kunstnarane har ønska å få ut av samarbeidet. Prosessen har opna for både intuitive handlingar og kritisk analyse.

            Bjørgan og Hovden sin kunnskap om og kjensle for leire og keramikk gjer at dei evnar og å gi kunstnarleg uttrykk for tida vi lever i. Det er særleg den felles holdninga til restar, det at det oversette og vraka kan vera ein resurs som kan forvandlast til kunst med all den status og verdi som følgjer med det, som treff ein tendens i tida. I tillegg har dei ein kunstnarleg originalitet som gjer dei svært spennande å følgja.

 Jorunn Veiteberg

11. februar 2021

 

 

           

 

 

TBR_6583.jpg